onsdag 16. mai 2012

Fri, med fri!


Endeleg kom dagen i veka der eg har fri,
og denne gangen har eg verkeleg fri!

Med fri, då meiner eg fri frå lesing,
og dårleg samvit for alt ein kunne ha lest.

Med denne fridomen kan eg besøke venner og skravle over ein tekopp.
Eg kan ta med kameraet i bilen.
Utan å måtte rettferdigjere det på noko vis!

Dette kan verta ein dårleg vane.

Her er nokre bilete frå besøkstur til Byrte i dag.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar