lørdag 9. juni 2012

Livsglede


Eg er så heldig å ha to grandtanter som er sjølve symbolet på livsglede.
Saman så passar dei på at alle omkring har det bra.
Dei set gjerne i gong ein leik, tryllar og fortel gode historier.

I dag fyller den eldste 95!
Gratulere med dagen!




onsdag 16. mai 2012

Fri, med fri!


Endeleg kom dagen i veka der eg har fri,
og denne gangen har eg verkeleg fri!

Med fri, då meiner eg fri frå lesing,
og dårleg samvit for alt ein kunne ha lest.

Med denne fridomen kan eg besøke venner og skravle over ein tekopp.
Eg kan ta med kameraet i bilen.
Utan å måtte rettferdigjere det på noko vis!

Dette kan verta ein dårleg vane.

Her er nokre bilete frå besøkstur til Byrte i dag.











søndag 6. mai 2012

I desse eksamenstider....


Har eg ei kjensle av å ha fokus på dei rette tinga.

For å få best mogleg resultat til eksamen har eg...

...søkt kunnskap.
Til dømes i fjoset.




 ...finne inspirasjon.
Den fant eg i ei li, ikkje så alt for langt vekk frå garden.





 ... gått djupt inn i stoffet og leita etter gøymde skattar.
Som denne freda furua.


For furua sin del, ser det heller dårleg ut.


...tilrettelagt for optimale leseforhold!
(Ah... Hengekøye! Seier ikkje meir.)


... ete god mat.

søndag 8. april 2012

Påskas lovlege innbrot og småturar


Når påska starta, var eg middels uroleg for at den bare skulle nytas heime på Seltveit.
 Men! Med ein liten biltur, og litt gåing så har ein plutseleg vore på langtur. 
Fyrste turen i påska gjekk til Strandstøyldalen.


Hadde med oss bikkjene, som likar å stille seg lett tilgjengeleg for kos.




Så var det tid for lovleg innbrot på nabogarden.
Etter at eg forige gong tok meg friheit til å gå inn i husa, utan tillatelse, har eg no spurd om lov.
Og eg kan ikkje sei ana enn at eg elskar plassen!






Er mykje mogleg eg kjem att!




tirsdag 3. april 2012

Nattbilet




Ein stjerneklar kveld ville eg prøve meg litt på nattbilder.
 Dei er tatt med 30 sek. lukkertid og hovudlykt som lyser opp forgrunnen.

Fotogleder







Nå har eg gått og sikla på cannon 7d i eit år, og endeleg er det kommet til gards. Eg er veldig glad i å fotografere, så då måtte det sjavsagt prøvast ut! Og det sjavsagte motivet her på garden er sau og fjell.

Sauene står i fjoset på garden og dei andre bileta er tatt på "nabogarden"